Energi Teknikk leverer til Kjerringnes

Energi Teknikk har signert kontrakt med Kjerringnes Kraft AS om levering av komplett elektromekanisk utrustning til Kjerringnes kraftverk. Leveransen omfattar Brekke Pelton ringledningsturbin med effekt på 9,9 MW med tilhøyrande generator, kontrollanlegg og naudsynt hjelpeutstyr. Anlegget vert bygd for 491 meter fallhøgd og ei slukeevne på 2,27 m3/sek. Utstyret skal leverast rundt årsskiftet 2019/2020. Kjerringnes kraftverk ligg i Luster kommune i Sogn og Fjordane.