Leiande personell kjøper seg opp i Energi Teknikk

Carine Klemmetsen og Arild Klette Steinsvik kjøper gjennom sitt selskap AksInvest AS 21 % av aksjane i E.T. Holding mens Eivind Tvedt gjennom sitt selskap E. Tvedt AS kjøper 6 % av aksjane i E.T. Holding AS som er hovudeigar i Energi Teknikk. Seljar er det serbiske vasskraftselskapet Hidroistel doo. AksInvest og E. Tvedt sit no med eigarpostar i selskapet etter aksjeoverdraginga på henholdsvis 27 % og 40 %.

Vi ynskjer å satsa vidare på Energi Teknikk og trur at lokalt eigarskap saman med kompetente medarbeidarar utgjer ein verdifull ressurs for selskapet som kundane våre vil nyta godt av.

Energi Teknikk har opplevd sterk vekst dei siste åra kor selskapet blant anna no er midt i levering av nye kontrollanlegg til Leinafoss kraftstasjon for E-CO og utførelsesentreprise for bygging av Tokagjelet kraftverk for Clemens Kraft. Slike leveransar ut over ordinære elektromekaniske leveransar gjev medarbeidarane våre nye utfordringar og selskapet bygger ytterlegare kompetanse i slike leveransar.

Energi Teknikk AS har i dag 22 tilsette innanfor administrasjon, sal, teknisk, prosjektstyring og installasjon. Selskapet har levert elektromekanisk utrusting til over 160 småkraftanlegg i Noreg.

Selskapet vart etablert i 1998 og har lagt ned eit betydeleg arbeid på produktutvikling og framstår i dag som ein totalleverandør av elektromekanisk utrusting til småkraftbransjen. Bedrifta tilbyr også service- og oppgraderingsoppdrag til småkraftverk og har døgnbemanna vaktordning.

Energi Teknikk har ein solid marknadsposisjon i Noreg og marknadsutsiktene vert vurdert som aukande med stor etterspurnad etter produkt og tenester. Energi Teknikk held til i Rosendal, Kvinnherad kommune. Bedrifta omsette i 2019 for 160 MNOK og har ein ordrereserve på om lag 200 MNOK.

Carine Klemmetsen er tilsett i Energi Teknikk som leiar for sal og marknad

Arild Klette Steinsvik er tilsett i Energi Teknikk som dagleg leiar

Eivind Tvedt er tilsett som forretningsutviklar og er styreleiar i Energi Teknikk

Pressemelding, Energi Teknikk, 26.02.20