Historisk totalleveranse til Tokagjelet kraftverk – 27 MW Pelton

Clemens Kraft og Energi Teknikk har inngått avtale om bygging av Tokagjelet kraftverk i Norheimsund. Ikkje berre er dette den største kontrakten Energi Teknikk nokon gong har vunne, det er også første gong selskapet tek ansvaret som totalleverandør.

– Her skal vi levera heile kraftverket. Det betyr at vi skal levera inntakskonstruksjonen, vassvegen som skal gå i tunnel, kraftstasjonen og sjølvsagt turbinutstyret, seier Arild Klette Steinsvik, dagleg leiar i Energi Teknikk.

Turbinleverandøren i Rosendal skal samarbeida med Hardanger Maskin i utbygginga. Steinsvik meiner kombinasjonen av turbinkompetansen til Energi Teknikk og ekspertisen Hardanger Maskin har på bruk av tunnelboremaskin (TBM) var avgjerande i kontraktstildelinga. Prosjektet startar med ein gong, og byggetida er rekna til 28 månader.