Energi Teknikk AS er ein totalleverandør av utstyr og tjenester for utbygging av småkraftverk, og har i dag 17 tilsette. Selskapet tilbyr eigenproduserte turbinar, tavler og kontrollsystem, og har eiga serviceavdeling for drift- og vedlikehaldstenester.
Selskapet tilbyr 24 timers vakttelefonordning, inkludert fjerndiagnose på kontrollsystem.
Energi Teknikk er godkjent som leverandør for energibransjen gjennom kvalifikasjonssystemet Sellicha.
Energi Teknikk vart etablert i 1998, i kjølvatnet av at gründer Eivind Tvedt bygde sitt eige småkraftverk i elva heime på garden i Kvinnherad. Etter å ha fått hjelp av gode lokale krefter til å utvikla og produsera ein turbin til kraftverket, etablerte Tvedt Energi Teknikk saman med medhjelparane Rune Hansen og Paul Hovda for å tilby skreddarsydde anlegg til marknaden for småkraftverk.
Selskapet fekk fotfeste, og har sidan 1998 vakse jamt og trutt til det kompetansesenteret for småkraft som Energi Teknikk er i dag. Frå å vera ein leverandør til småprosjekt for bønder og andre grunneigarar, har selskapet kvalifisert seg som leverandør også til større, profesjonelle utbyggjarar. Energi Teknikk har no både nasjonale og internasjonale kundar.