Energi Teknikk har eiga serviceavdeling med døgnopen vakttelefonordning. Vi tilbyr service- og vedlikehaldsavtaler til alle våre leverte anlegg, samt til anlegg frå andre leverandørar. Ein årleg serviceavtale inneber at kunden har tilgang til døgnopen vakttelefon, samt at vi utfører eit periodisk ettersyn av tilstanden til anlegget – med påfølgande rapportering til kunden.
Eit slikt ettersyn inkluderer ein mekanisk og elektroteknisk gjennomgang av anlegget. Vi utfører mellom anna sjekk av løpehjul, tetningar, olje, filter og gass på akkumulator, samt at vi kontrollerer slitasje og målingstilstand med meir. Den elektrotekniske gjennomgangen består mellom anna av kontroll av varmgang i koplingspunkt ved hjelp av IR-fotografering, isolasjonsmålingar av generator og stasjonsforsyning, og funksjonsprøve med full gjennomgang av kontroll- og sikkerheitsfunksjonar i anlegget.
Fjerndiagnose
I tillegg til periodiske vedlikehaldsavtaler, tilbyr vi fjerndiagnose og høve til oppkopling mot driftssentral. Ved uføresette hendingar har serviceteamet vårt svært kort responstid. Energi Teknikk har alltid eit godt utval av reservedelar på lager – tilpassa forventa behov.
Stort potensial i rehabilitering
Om du har eit eldre anlegg, kan det henda du sit på eit stort uutnytta potensial både når det gjeld effekt og inntening. Vår erfaring frå oppgraderings- og rehabiliteringsprosjekt er at eldre kraftverk ofte har eit potensial til å auka inntekta med åtte til 10 prosent. Gjennom kunnskap, erfaring og inngåande forståing, har ekspertane våre eit solid grunnlag for å føreslå og levera skreddarsydde og smarte løysingar for betre utnytting av ditt spesifikke kraftverk.
La oss hjelpa deg med ditt småkraftverk!
Ring oss i dag: 53 48 72 00