Ny leiar for sal & marknad

Carine Klemmetsen har frå 1. februar teke over ansvaret for sal og marknad i Energi Teknikk. Carine kjem frå stillinga som direktør for sal & marknad i Rainpower, og har lang fartstid i bransjen med 13 år. Carine har jobba med sal, prosjektleiing og innkjøp og var blant anna med å starte småkraftverksemda til Rainpower i 2009.

Eivind Tvedt går over i ei stilling knytt til forretningsutvikling, og vil ha hovudfokus på å utvikla Energi Teknikk som selskap.

Kontaktinformasjon:
Carine Klemmetsen – epost: carine.klemmetsen@energi-teknikk.no tlf: 41654957
Eivind Tvedt – epost: eivind@energi-teknikk.no tlf: 97710671

Energi Teknikk har ledig stilling som Serviceingeniør

SERVICEINGENIØR

Hovudoppgåver:

• Mekanisk og elektroteknisk servicearbeid
• Feilsøking og reperasjonar av elektromekanisk utrustning
• Gjennomføre periodekontrollar med rapportering
• Delta i selskapet si vaktordning
• Elektronikk og programmering
Ynskja kvalifikasjonar:

• Fortrinnsvis fagbrev som elektrikar, energimontør eller automatikar
• Mekanisk erfaring
• Teknisk forståing
• Gode norsk- og engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
• Evne til å jobbe både sjølvstendig og i fleirfaglege team

Stillinga inneber fast kontorstad i Rosendal, men ein del reiseaktivitet må påreknast

Vi kan tilby:

• Ein utfordrande, morosam og interessant jobb i ei dynamisk bedrift
• Fleksibel arbeidstid
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Gode kollegaer med solid småkraftkompetanse

Spørsmål omkring stillinga kan rettast til Vidar Hanstvedt, servicekoordinator, telefon 936 91 229.
Søknad med CV kan sendast på e-post til vidar.hanstvedt@energi-teknikk.no innan 18. februar 2019.

3 leveransar til Sirdal Kraft

Energi Teknikk har signert kontrakt på levering av komplett elektromekanisk utrusting til Hemså, Breilobekken og Sandvand kraftverk. Anlegga ligg i Sirdal kommune og skal byggast av Sirdal Kraft AS.  Anlegga som skal leverast er alle Peltonanlegg på høvevis 1,6 MW, 1,4 MW og 1,55 MW. Anlegga skal leverast hausten 2019.

Historisk totalleveranse til Tokagjelet kraftverk – 27 MW Pelton

Clemens Kraft og Energi Teknikk har inngått avtale om bygging av Tokagjelet kraftverk i Norheimsund. Ikkje berre er dette den største kontrakten Energi Teknikk nokon gong har vunne, det er også første gong selskapet tek ansvaret som totalleverandør.

– Her skal vi levera heile kraftverket. Det betyr at vi skal levera inntakskonstruksjonen, vassvegen som skal gå i tunnel, kraftstasjonen og sjølvsagt turbinutstyret, seier Arild Klette Steinsvik, dagleg leiar i Energi Teknikk.

Turbinleverandøren i Rosendal skal samarbeida med Hardanger Maskin i utbygginga. Steinsvik meiner kombinasjonen av turbinkompetansen til Energi Teknikk og ekspertisen Hardanger Maskin har på bruk av tunnelboremaskin (TBM) var avgjerande i kontraktstildelinga. Prosjektet startar med ein gong, og byggetida er rekna til 28 månader.

Signert avtale med Fossberg Kraft

Energi Teknikk har i dag signert kontrakt for levering av komplett elektromekanisk utrusting til Ljotå kraftverk. Anlegget vert konstruert for 140 meter fallhøgd og effekt på 1,6 MW. Overlevering skal skje hausten 2019. Ljotå kraftverk ligg i Fusa kommune i Hordaland.

 

Ny leveranse til Captiva

Energi Teknikk har i dag signert kontrakt for levering av komplett elektromekanisk utrusting til aggregat 2 i Stølsdalselva kraftverk. Anlegget vert konstruert for 190 meter fallhøgd og effekt på 2,4 MW. Leveransen skal overleverast sommaren 2019. Stlsdalselva kraftverk ligg i Jondal kommune i Hordaland.

Energi Teknikk leverer til Kjerringnes

Energi Teknikk har signert kontrakt med Kjerringnes Kraft AS om levering av komplett elektromekanisk utrustning til Kjerringnes kraftverk. Leveransen omfattar Brekke Pelton ringledningsturbin med effekt på 9,9 MW med tilhøyrande generator, kontrollanlegg og naudsynt hjelpeutstyr. Anlegget vert bygd for 491 meter fallhøgd og ei slukeevne på 2,27 m3/sek. Utstyret skal leverast rundt årsskiftet 2019/2020. Kjerringnes kraftverk ligg i Luster kommune i Sogn og Fjordane.

Leveranse av ET Peltonturbin

Energi Teknikk har i dag signert kontrakt for levering av ET Peltonturbin til Kaldåga kraftverk i Ballangen kommune. Leveransen inneber levering av komplett elektromekanisk utrustning til anlegget på 2,2 MW. Leveransen skal overleverast sommaren 2019.

Kontrakt med Tussa Energi

Energi Teknikk har signert kontrakt med Tussa Energi AS om levering av komplett elektromekanisk utrustning til Tenneelva kraftverk. Leveransen omfatter Brekke Pelton ringledningsturbin med effekt på 3,3 MW med tilhørende generator, kontrollanlegg og nødvendige hjelpeanlegg. Anlegget bygges for 387 meter fallhøyde. Utstyret skal leveres høsten 2018. Tenneelva kraftverk ligger i Vanylven kommune i Møre og Romsdal.

Energi Teknikk leverer til Skorga kraftverk

Energi Teknikk har signert kontrakt om levering av komplett elektromekanisk utrustning til Skorga kraftverk. Leveransen omfatter ET pelton ringledningsturbin med effekt på 2,9 MW med tilhørende generator, kontrollanlegg og nødvendige hjelpeanlegg. Anlegget bygges for 304 meter fallhøyde. Utstyret skal leveres høsten 2018. Skorga kraftverk ligger i Nesset kommune i Møre og Romsdal